Den unge føraren vart oppdaga av ein politi på veg til jobb i privatbil fredag morgon. (Illustrasjonsfoto).

Føraren av Volvoen har hatt førarkort i to månader, og fylte 18 år i juni i år. No må han parkere Volvoen nokre månader, og i tillegg betale 4000 kroner til statskassa.

Lensmannsbetjent var vitne

Det var ein av betjentane ved Ulstein og Hareid lensmannskontor som klokka 8.10 fredag morgon oppdaga den farlege køyringa. På vegen som går parallelt med Rv. 61 frå Ulstein vidaregåande skule, Holsekervegen og mot Gjerdegata og Shellstasjonen i Sjøgata, køyrde den svarte Volvoen 240 på ein svært aktlaus måte.

Stoppa ikkje for born i gangfeltet

Farta var stor, han lot vere å halde vikeplikta frå høgre, og ved to høve stoppa han ikkje for folk som skulle krysse gangfeltet i Gjerdegata. Det eine tilfellet var eit barn med ransel på ryggen som var på veg over i gangfeltet. Føraren køyrde rett over fotgjengarfeltet utan å stanse.

Same dag kom førelegget frå Sunnmøre politidistrikt.