Foto: Photographer: Jens Inge Ringstad

Søndag kveld ljoma tonane frå Dovregubbens Hall ut frå Samfunnshuset i Ulsteinvik. Det var Ulstein Storband som hadde øving. Fredag 4. juni skal dei ha Storbandkonsert på Sjøborg.

Når Ulstein Storband held storbandkonsert plar dei trekkje fullt hus. Men dei har sakna den yngre garde på konsertane sine. I år håpar dei at Ole Børud vil vere med å trekkje fleire unge tilhøyrarar.

Ole Børud (fødd 1976), kan vise til ei brei musikalsk røynsle. Ole byrja å syngje alt som femåring og debuterte med si første plate alt året etterpå. Sidan han var 16 år har han arbeidd fulltid som musikar, både som gitarist og vokalist i ei rad med band. Han har turnert på alle verdas kontinent og vore frontfigur på bortimot 20 utgjevingar. Han har vore med i alt får gospelgruppa Arnold B Family til metalbandet Extol. Han har delt scene med artistar som Sofian, Torun Eriksen og Andrea Crouch. I fjor kunne me sjå han på fjernsynsskjermen som vokalist for storbandet i fjernsynsprogrammet “Skal vi danse”. Og i “Det store korslaget” fekk han vere med som ekstern vokalist i koret til Åge Nilsen i Wig Wam.

Ein annan nasjonal kjendis Ulstein Storband har fått med seg til denne konserten er Kari Gjærum (fødd 1952). Ho har vore profesjonell musikar sidan 1979. Gjærum har vore songar og korist i mange ulike samanhengar, både på plate, TV-produksjonar og musikalar. Ho har mellom anna samarbeidd med Wenche Myhre og Vazelina Bilopphøggers.

Kari Gjærum har faktisk vore med i Melodi Grand Prix heile 11 gonger i Noreg. Fem gonger har ho vore med i den internasjonale finalen. Ho har i hovudsak vore med som korist, mellom anna då Bobbysocks vann i 1985 med “La det Swinge”. I 1989 deltok Gjærum som solist med songen “Barneøyne”. Den songen vil ho syngje på konserten på Sjøborg.

Sølve Styve Sæbø frå Ulsteinvik vil få med seg ein del solistar. Sølve er ein dyktig songar og musikar som Storbandet er glade for å få samarbeide med.

Kven som skal vere konferansier vil ikkje Ulstein Storband røpe, men dei lovar at det vil bli mykje humor på konserten. På repertoaret er det variert musikk. Her er musikk frå Jackson Five, John Lennon, og mykje anna morosamt.

Ulstein Storband ønskjer alle velkomen til konsert.