I eit brev til rådmann Arne Gunnar Aschehoug skriv Gjerde at ho kan tenkje seg å ekstern hjelp til gjennomgangen av dagens tilbod, men at det då må stillast midlar til disposisjon. Ordføraren vil ta saka opp med formannskapet, og ber rådmannen om ei tilbakemelding på kva hjelpetilbod som finst i kommunen for born og unge med psykiske problem. Gjerde understrekar at ho veit at dei tilsette som arbeider med born og ungdom har eit ærleg engasjement for å hjelpe dei som slit med psykiske vanskar. Men vi får stadig ny kunnskap og stadig nye erfaringar på kva metodar som verkeleg har effekt, og kva som er til hjelp for dei som av ein eller annan grunn har kome i ein vanskeleg situasjon, meiner Gjerde. Ikkje minst meiner ho det er viktig å sjå på om hjelpa kommunen gir er samkøyrt på alle område, frå helsestasjonen, skulane, barnevernet og til sosialkontoret.