19-åringen var åleine i bilen då han miste kontrollen over køyretyet ved utgangen av Kvalnestunnelen. Føraren melde sjølv frå om ulykka til politiets operasjonssentral klokka 04.17. Han hadde smerter i ryggen, og vart sendt til Volda sjukehus for kontroll. Men skaden blir karakterisert som lettare.