Sentralisering er det første ein organisasjon tyr til når "bunnlinja" sviktar. Det enklaste grepet er å legge ned filialar og aktivitet ute i distrikta. Nettopp dette siste har ishavsbygda Brandal fått merke dei seinare åra. Først rauk posten, så rauk butikken, så rauk skulen (NB: kommunestyret vedtok å legge han ned, men bygda svarte med å opprette friskule) - og no ryk barnehagen. Somme kallar det sentralisering, andre kallar det hersing. Det som i desse dagar skjer på barnehagesektoren er ein god illustrasjon av dei kreftene som utfaldar seg. Lange ventelister til dei kommunale barnehageplassane gjorde at to private aktørar ville etablere seg i kommunen i fjor. Det interessante var at både Grønmyr barnehage og Perny Austnes ville bygge på Holstad nært Hareid sentrum, berre eit steinkast frå kvarandre. Kvifor nettopp Holstad? Jau, fordi Holstad er barnehagesentralt. Holstad ligg for det første vegg-i-vegg med det store, folkerike bustadfeltet som strekker seg i solsida av Hareidsdalen nettopp frå Holstad til Korsneset. Men først og fremst får Holstad lett tak i arbeidsreisetrafikken. For dei fleste barnehageforeldre er nemleg ein lett tilgjengeleg barnehage svært viktig. Tungvinte omvegar gir tidstap og bensinutgifter. For svært mange er det ideelt at reisa til barnehagen fell saman med reisa til arbeidsplassen. Mange i Hareid og Ulstein pendlar mellom kommunane når dei skal på arbeid. Då er alle barnehagar som ligg langs riksvegen lette å nå tak i. Holstad tek like lett i mot foreldre som bur i Ulsteinvik og har arbeid på Hareid som foreldre som bur på Hareid og har arbeid i Ulsteinvik. Holstad ligg også i reiseruta til Ålesundsområdet. Verst stilt blir bygder som ligg utanfor arbeidsreiserutene og i tillegg har få barn og arbeidsplassar. Når vi får "kjøpars barnehagemarknad" - det vil seie at der er fleire barnehageplassar enn barn - vil foreldra naturleg nok søke seg til dei barnehagane som ligg nærast og gir minst unødvendig reising. Dermed snur foreldra ryggen til barnehagen i Brandal. I neste omgang trekker kommunen seg ut fordi dei taper pengar på at foreldra ikkje vil bruke ekstra tid og bensin på å køyre borna sine til Brandal. I "kjøpars barnehagemarknad" kan kommunen heller ikkje dirigere born til utkantane. Også Syverplassen på indre Hareid har merka dei nye tidene, men bergar aktivitetsnivået ved tilføring frå nedleggingsbuet i Brandal. Dermed hersar sentraliseringa med Brandal nok ein gong. I skulesaka tok brandølingane saka i eigne hender etter at kommunen la ned det offentlege skuletilbodet. Så spørs det kor lenge det varer før brandølingane skaper sitt eige tilbod på barnehagesektoren. Det kan vere at enkelte synest det er ein ulempe å måtte bruke tid og bensin på å køyre borna ut av bygda kvar dag.