Torsdag 15. mars sette Noregs Bank opp styringsrenta med ytterlegare 0,25 prosent, til 4 prosent. Det er venta at bankane vil setje opp sine låne- og innskotsrenter tilsvarande. Dette er den fjerde renteauken sidan november i fjor, men førebels er renteoppgangen for liten til å knekkje optimismen som rår i den norske befolkninga, kommenterer Arne Martin Laukvik, salsdirektør i Storebrand, til Møre- Nytt.