Det var natt til søndag at politiet fekk melding om slagsmål i Hjørungavåg. Det skulle vise seg at ein mann hadde fått broten nase. Politiet tok han som slo, ein 22-årig utlending med bustadadresse Ålesund, med seg til fyllearresten i Ålesund. Den unge mannen hadde tidlegare på kvelden vore til sjenanse for gjestene på bensinstasjonen på Hareid. Så spørst om eit opphald i arresten fekk 22-åringen på betre tankar.