Dei to siste åra har stadig fleire born vorte fødde utilsikta anten heime eller under transport til institusjon, påpeiker seksjonsoverlegen innan nyfødd-barnemedisin Lutz Nietsch ved sjukehuset i Ålesund i eit brev til helse- og sosialetatane i fylket. Nietsch opplyser at det berre dei seks siste månadene har vore 11 slike fødslar. Ikkje alle desse kan hindrast, men organiseringa av helsetenesta utanfor fødeinstitusjonane må vere slik at fødselshjelp og behandling av den nyfødde kan ytast ved behov. Nietsch skriv på vegner av perinatalkomiteen i fylket og vil peike på at kommunane må ha adekvat jordmorteneste med vaktordning, og at det er særleg viktig for kommunar med lang reiseveg til fødeinstitusjon. I den samanhengen er det bekymringsfullt, skriv han, med konkrete planar om reduksjon i talet på jordmorstillingar. Dessutan er det viktig at ambulansepersonale får nødvendig opplæring i fødselshjelp. Nietsch skriv elles at dei tilfella av fødslar utanfor institusjon som dei har evaluert har vore medisinsk ukompliserte for mor og barn.