- Det er nok med eit visst vemod eg no ser fram til den siste arbeidsdagen min i Coop Nord-Sunn onsdag 31. januar, seier Gjerdsbakk til Vestlandsnytt. Han starta karrieren sin som vikar i Selje Handelslag i juli 1963. Han kom då rett frå handelsskule - og har sidan hatt ulike roller i Coop-systemet. Dei siste åra som driftssjef i Coop Nord-Sunn. Askjell Vatnehol tar altså over driftsansvaret for alle daglegvarebutikkane i Coop Nord-Sunn.