Den overbygde tilhaldsstaden som dei kallar "Musikk kroken" har vorte ein stad der ungdomar i ly for ver og vind samlar seg i helgane. Stadig flaskeknusing og hærverk vert eit problem lenge, og dei tilsette ved skulen har sett seg leie av å rydde opp måndagsmorgonane. - Dette er noko som har pågått i fleire år no, og er eit stadig tilbakevendande problem. No er vi leie av å rydde opp glasbrot etter knuste ølflasker måndagsmorgonane. Det er flaskeknusinga som er verst. Vi synest det er utriveleg, og det er også eit tryggleiksproblem når ungane leikar opp i det. Vi prøvar å få rydda opp før skuledagen startar, men det er ikkje alltid vi ser det før borna er komne, seier inspektør ved skulen, Kjell Einar Vik. Dei har tenkt på fleire tiltak for å løyse problemet, og har vurdert å få sett opp videoovervaking. - Vi har fått tilbod om å sette opp videoovervaking, men vil helst sleppe det. Vi har fått konsesjon, men det kostar ein del og må jo gå av pengar vi heller brukar på noko anna. Vi kan ikkje hindre at folk sit der, men vil gjerne få litt fokus på det, og oppmode om at folk som legg merke til noko, seier frå om det. Vi vil også gjerne seie frå til ungdomane som nyttar plassen, om å la vere å knuse og drive hærverk, seier rektor Bjørn Dahl. Ei rist ved luftuttaket har vorte sparka inn fleire gonger, og ei stikkontakt som ungane skulle bruke til å få kople på eit musikkanlegg dei kan nytte, har vorte øydelagd. - Vi må prøve å få ei løysning på dette, og ser gjerne at natteramnane tar seg ein runde oppom skulen i helgane, dersom det hadde vore mogleg, foreslår Dahl.