Hallebygdaren Peder Halle vart fødd før unionsoppløysinga. Dei siste åra har han budd på Sandetun på Larsnes. I følgje Vestlandsnytt set han stor pris på at folk stikk innom og helsar på. Besøk blir det i alle fall i ettermiddag (tysdag); då kjem slekt og vener med kake og kaffi. Peder Halle budde heime i Hallebygda og stelte seg sjølv til han var godt over 95 år. Han har alltid hatt bra helse. I yngre år var han småbrukar og fiskar. Sonen Per Kristian har teke vare på mange interessante notat - ikkje minst om fiskarlivet - som Peder skreiv ned på 1980-talet. Peder snakkar ikkje - som mange eldre - om krigen, men refererer til krigane. For han var nemleg også første verdskrigen ein ikkje uvesentleg del av 1900-talet. Peder vart gift med Kristine (f. Storegjerde). Dei fekk fem born, av desse lever to i dag. Nokre år etter at kona døydde i 1979, gifte Peder seg med Tora frå Sandnes og flytte dit. Etter at Tora døydde, flytte Peder tilbake til garden i Hallebygda. Dagens jubilant har 13 barnebarn og 11 oldebarn, skriv Vestlandsnytt.