I alkohollova heiter det at reklame for alkoholhaldig drykk er forbode. Vidare heiter det at "med reklame forstås enhver form for massekommunikasjon i markedsøyemed". Sommaren 2006 vart det innført nye reglar i alkohollova om reklame. I høve desse endringane fekk alle skjenkestadane melding om endringane. Og endringane vart òg tema i opplæringsprosjektet Ansvarlig Vertskap. Restaurantdrift Ulsteinvik AS (Hong Kong) har òg tidlegare brote forbodet mot alkoholreklame. Kommunen reknar ikkje dette brotet som eit grovt brot på alkohollova. I sakpapira til kommunestyret går det fram at skjenkestaden har synt stor evne og vilje til å rette opp feilen og har vore i god dialog med administrasjonen i kommunen når det gjeld tolking/forståing av brotet. På bakgrunn av at dette er fjerde gongen Hong Kong bryt alkohollova i inneverande løyveperioden (2004-2008. Dei har tidlegare fått reaksjon på tidlegare lovbrot. Rådmannen rår kommunestyret til å reagere med ei skriftleg åtvaring denne gongen. I den skriftlege åtvaringa skal det stå at vidare brot kan føre til inndraging av skjenkeløyvet ut resten av perioden. Saka skal opp på kommunestyremøtet torsdag 30. august.