Det var ordførar Knut Erik Engh som stod for den offisielle opninga. Medan ungdomane fann plassane sine song Astrid S «Vi er perfekt, men verden er ikke det».

– Kjekt å sjå dykk! Korleis har de det, opna ordføraren. og det er det ei god psykisk helse gjerne handlar om. Det er viktig å bli sett og kjenne at nokon bryr seg.

Verdsdagen for psykisk helse er eigenleg 10. oktober, men ulsteinordføraren sa at Ulstein gjerne likar å vere litt tidleg ute. Kommunen har lagt opp til aktivitetar i over ei veke med årets tema: «Noko å glede seg over».

Ordføraren sa at han ønskjer å bryte ned tabuet rundt psykisk helse. Der er heilt normalt å kjenne seg deprimert ein periode. – Det er faktisk berre ein del av det å leve.

Om ein slit er det viktig at ein snakkar med nokon, då blir det gjerne betre. Me har alle eit ansvar for den psykiske helsa til oss sjølve og folk rundt oss. Alle kan bidra til å gjere andre glade, anten det er gjennom eit smil eller eit kompliment. – Det å bry seg går aldri av moten, meinte ordføraren.

Han likar folk som skil seg ut og meiner det hadde vore keisamt om alle var like.

Normalt med opp og nedturar

Helsesøster Wenche Gjerde Sætre fortalde at det er heilt normalt å ha ein del opp- og nedturar i ungdomstida. Kroppen forandrar seg og ein prøver å finne ut kven ein er.

Kjenslene blir sterkare og gjerne meir kaotiske denne tida. Men om dei negative tankane og kjenslene tar overhand, og du har vanskeleg for å konsentrere deg og vere med på aktivitetar over ein periode på eit par veker, då bør ein ta kontakt med nokon for å få hjelp. Du kan snakke med helsesøster, kontaktlærar, rådgjevar på skulen eller ein annan.

– Omtrent halvparten av oss vil oppleve psykiske vanskar i løpet av livet. Dei fleste blir friske, sa ho.

Finn glede i kvardagen

Silje Kleven Eriksen, fagkoordinator for psykisk helse og rus, snakka med ungdomane om kor viktig det er å finne dei små og store tinga i kvardagen som gjer deg glad. Kanskje kan du glede deg over at du er litt mindre forkjølt i dag enn i går?

Når me har noko å glede oss til aukar endorfinnivået i kroppen, noko som reduserer stress og me får ei god kjensle.