Ornitolog Arild Gautestad har sendt oss tips om at han har observert ein ny fugleart i Ulsteinvik.

Som relativt nyinflytta i kommunen (kona Judith og han imigrerte frå Oslo for 11 månader sidan) synest han det er hyggeleg å observere at Ulsteinvik no har fått bystatusen stadfesta også i fugleverda. Tidlegare denne veka observerte han nemled ei bydue ved Amfidammen.

"Utrolig nok er denne arten aldri registrert tidligere i hele kommunen! Nærmeste lokalitet med en del opptreden er Ålesund." skriv Gautestad.

Han trur det er Amfidammen sin aukande popularitet som matingsplass for dei lokale stokkendene som har fått dua til å slå seg ned. Arten er typisk knytta til parkane i dei meir etablerte byane.

"Mens Ulsteinvik foreløpig får vente på sin egen ”Central park” (noe slikt savner jeg her), får Amfidammen holde inntil videre... Men bydua viser at Ulsteinvik blir stadig mer urban." skrive Gautestad til lokalavisa.

Han kan vidare opplyse om at bydua er noko mindre i storleik enn den typiske og velkjende duearten i distriktet, ringdue. Bydua har ikkje den kvite flekken ("ring") i nakken som ringdua har.

For få år sidan var det ei bydue som gjekk og trippa utanfor Valaker, men om ho har flydd vidare eller døydd er uvisst.