Denne helga har Ungdommens fylkesting (UFT) 2015 vore samla på Åndalsnes. Søndag valde dei nytt Ungdomspanel med Marthe Emilie Hansen frå Hareid som leiar.

Ungdomspanelet er Ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval, og skal vere eit aktivt bindeledd mellom ungdom, Møre og Romsdal fylkeskommune og partnarskap. Panelet har om lag ni møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd. Ei av oppgåvene er å drive lobbyverksemd overfor politiske styresmakter, og sette i verk Ungdommens fylkesting sine intensjonar.

Ungdomspanelet har ni medlemmar, og medlemmane skal veljast frå representantane på Ungdommens fylkesting og det sitjande Ungdomspanelet. Medlemane i UP blir valt for to år og skal bestå av ungdom mellom 15 og 23 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden.

Det nye Ungdomspanelet for 2015/2016 er:

Leiar Marthe Emilie Hansen, 18 år (Hareid, bur i Molde) – 1 år

Nestleiar Even Hendseth, 17 år (Halsa) – 1 år

Medlem Marie Solgard, 17 år (Nesset) – 2 år

Medlem Åse Kristin Bjørneraas Hopen, 17 år (Smøla) – 2 år

Medlem Lasse Strand Gule, 17 år (Sande) – 2 år

Medlem Håvard Bjørnerem, 19 år (Midsund) – 2 år

Medlem Norunn Brøste Kjersem, 17 år (Molde) – 1 år

Medlem Simon Sandnes, 18 år (Midsund) – 1 år (ikkje på val)

Medlem Aurora Dimmen Bratli, 16 år (Ulstein) – 1 år (ikkje på val)

Varamedlemmer (1 år)

1. Rebekka Strandmann Hanssen, 17 år (Norddal)

2. Eirik Wiik Lyngved, 17 år (Haram)

3. Oda Dyrnes, 16 år (Eide)

4. Fride Monsen, 17 år (Molde)

5. Håkon Strand, 19 år (Ålesund)