Dersom det kjem eit konkret spørsmål om å legge ein oljerigg i opplag i området Hareidsvika-Hjørungneset, er det Kystverket som sit med mynde til å gi løyve.

Dette går fram av eit svarbrev frå Tormod Hjørungnes Engen i Kystverket på eit spørsmål frå Nils Yngve Nupen i Hareid kommmune.

Nupen bad Engen greie ut ansvarstilhøva etter at det hadde kome spørsmål frå oljebransjen om ein muleg opplagsplass for oljeriggar ved Hareidsstrendene.

Les også: Hareidsvika opplagsplass for boreriggar

I svaret frå Kystverket heiter det vidare at dersom det er snakk om eit ordinært farty og ikkje ein installasjon for petroleumsproduksjon (oljerigg), er det kommunen som har mynde i sitt sjøområde. Men Kystverket kjem inn i bildet dersom det er snakk om oppankring i eit «farleiareal».

Tormod Hjørungnes Engen skriv:

- Opplag av riggar vil jo vere eit relativt langvarig tiltak, og kommunen vil kanskje då vere tent med å avklåre slik arealbruk i kommuneplanen. Vestnes er døme på ein kommune med opplagsområde i sin kommuneplan. Opplag av farty og riggar kan kanskje gje grunnlag for lokal tenesteyting og industri der avklåra areal til føremålet er eit konkurransefortrinn når ulike selskap vurderer plassar for oppankring/opplag i lengre eller kortare tid.

Området frå Hareidsvika til Hjørungneset har tid om anna hatt oppankra riggar i samband med slep og serviceoppdrag, men ikkje over lengre tid.