Politiet beslagla torsdag ettermiddag ein moped ved eit hybelhus på Osnes. Det vakte oppsikt då tre politibilar med sirener på køyrde gjennom Ulsteinvik sentrum, i retning Flø. Det viste seg derimot å ikkje vere så dramatisk som det kunne sjå ut til.

- Det var ein som har køyrt på ein moped, som ikkje hadde lov til det. Personen har gjentekne gongar blitt tatt for å ikkje ha gyldig førarkort, og no beslagla vi mopeden, seier politibetjent Ole Kragset.

Om det er snakk om køyring i ruspåverka tilstand er ikkje politiet enno sikre på.

- Det er alt for tidleg å seie noko om. Vi må undersøke personen nærare for å få eit svar på det.

Forklaringa på at det var heile tre politibilar involvert er såre enkel.

- Vi hadde to patruljer på jobb i nærleiken. Den tredje bilen hadde nettopp blitt henta tilbake frå eit verkstadopphald, og vi responderte alle saman, seier ein av dei andre politibetjentane på staden.

Fire av politibetjentane fekk løfta mopeden inn i den eine politibilen, og tok han med seg til politistasjonen.