Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde krev saman med Venstre-ordførarar og -varaordførarar frå heile landet at regjeringa snur i asylbarn-saka.

- Vi kan ikkje akseptere at at Høgre og FrP no skundar seg med å sende ut asylborn, til og med før kriminelle, berre for at dette skal ta seg bra ut på statistikken, seier Gunn Berit Gjerde.

Gjerde fortel at Venstre-leiarane har gitt regjeringa frist til å finne ei løysing på saka innan landsmøtet til Venstre startar på fredag.

- Vi krev at asylborna som vart sendt ut av landet i fjor haust må få kome attende og få vurdert sakene sine på nytt, seier fylkesvaraordføraren.

Ho meiner at Noreg har eit ansvar når det gjeld å gi borna tryggleik.

- Vi opplever at regjeringa si utsending av asylborna er eit brot på den samabeidsavtalen dei har med oss i Venstre og med KrF, seier Gjerde.