Det er altså framleis behov for arbeidsinnvandring, men den kraftige veksten vi har sett i fleire år i bruk av arbeidskraft frå EU har no stoppa opp, og for første gang forventar næringslivet at bruken framover blir noko lågare, syner Nav si bedriftsundersøking. Formålet med undersøkjinga er å kartlegge verksemdene sin etterspurnad etter arbeidskraft det kommande året. Lettast tilgjengeleg arbeidskraft er likevel stort sett i nærområda til den einskilde verksemda. - Sjølv om arbeidsløysa er aukande og arbeidsmarknaden mindre stram, er det viktig at verksemdene arbeider aktivt for eit meir inkluderande arbeidsliv for å få dekt behovet sitt for arbeidskraft med rett kompetanse, seier avdelingsdirektør Rolf M Lossius ved Nav Møre og Romsdal.
Nyhende →
Framleis behov for arbeidsinnvandring
Nesten kvar tredje verksemd i fylket ventar å nytte arbeidskraft frå EU-landa kommande år for å dekke behovet for arbeidskraft.