Ungdom i Ulstein har lenge etterlyst diskotek. I kveld, fredag, har dei høvet til å vise at dette er noko det verkeleg er interesse for. No håper ungdomsrådet dei greier å fylle ungdomsklubben med danseglade ungdommar. Dei oppmodar alle om å ta med seg vennegjengen denne kvelden og kome. Dørene opnar klokka sju. – Kvifor valde de å få Shortcut og Nich til å kome til Vikingen? – Noko måtte me finne på for å få ungdomen hit, byrjar Erlend Eidem som er leiar i ungdomsrådet i Ulstein. – Dei er kjendisar og kjende for å få til bra show, legg Else Marie Brandal til. Ho er nestleiar i ungdomsrådet. På tampen av fjoråret var det like før ulsteinpolitikarane la ned ungdomsklubben Vikingen for å spare pengar. Men ungdomsrådet fekk eit år på seg for å vise at klubben er liv laga. No håper ungdomsrådet at ulsteinungdomen er flinke til å møte opp for å vise at dei vil ha klubben.
Kjende for bra show
Shortcut og Nich har båe gjeve ut musikk sjølve og vore programleiarar for VG Lista Topp 20 på fjernsyn. Showet dei reiser rundt med er eit profesjonelt show der dei speler musikk som ungdomar liker, det blir konkurransar og god stemning. – Dette blir ein super kveld der ungdomane i Ulstein og omegn får danse, syngje, vinne premiar og kose seg, lovar ungdomsrådet.