Laurdag fekk politiet inn ein del meldingar om hærverk på Larsnes. Ugjerningane har truleg skjedd natt til laurdag. Fleire postkasser var skadde. Dei hadde gått laus på både forsamlingshuset og skulen. Ruter var knuste og fleire flater var tagga på. Det var òg tent fyr på noko papir i eit busskur. Politiet melder at dei vil sjå nærare på hærverket på måndag.
Nyhende →
Skadeverk på Larsnes
Vandalar har tagga og knust ruter på Larsnes.