Fire ungdomsbedrifter frå fylket skal representere Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal under NM for Ungdomsbedrifter på Lillestrøm denne veka. Ei av dei er Look-Up UB frå Ulstein vidaregåande skule.

Både Look-Up og Reflexive UB frå UVS fekk medaljar under fylkesmønstringa. Reflexive fekk 2.-premie i kategorien «beste reklamefilm», medan Look-Up tok 3.-plassen i «Sosialt entreprenørskap». Og Look-Up fekk seg også plass i NM gjennom ei «Wild Card»-trekning.

– Gratulerer til heile gjengen med medaljar under fylkesmønstringa, og ikkje minst til dei som skal nedover på NM. Det er all grunn til å feire og markere dette! slo rektor Margaret Alme fast, då dei to ungdomsbedriftene fekk servert kake i klasserommet måndag.

Denne veka reiser Look-Up UB til Lillestrøm, der dei skal presentere produktet sitt og konkurrere med alle dei beste ungdomsbedriftene i landet.

Les også: Klare for NM

– Dette betyr mykje. Med tanke på det som er i vente trur eg det viktigaste er at vi mobiliserer og gjer vårt beste. Vi må tenkje frå første start at vi skal ha det kjekt og ha høg takhøgd, fortalde lærar Adeleine Eiken til elevane som reiser nedover til Lillestrøm.

No er alt utstyret pakka og det er berre finpuss og terping på informasjonen om ungdomsbedrifta og produktet til Look-Up som står att.

Veldig kjekt

Dagleg leiar i Look-Up UB, Viviann Merete Ulstein fortel at ungdomsbedrifta kjenner seg heldige som er klare for UB-NM.

– Det var veldig mange som deltok på fylkesmønstringa og vi vart trekte ut som «Wild card» til NM. Vi var veldig heldige, men det var også veldig kjekt, smiler Ulstein.

På Lillestrøm skal elevane sette opp ein stand og presentere mobilhotellet dei har bygd opp ungdomsbedrifta rundt. Under NM skal mellom anna statsminister Erna Solberg vere på plass, og dermed er det svært spente elevar som gjer seg klare til å reise nedover.

– Det er veldig mange bedrifter som deltek og vi må gjere det vi kan for å gje eit godt inntrykk til juryen som vurderer oss, seier Ulstein. NM på Lillestrøm blir arrangert torsdag og fredag denne veka.

Les også: - Får sjå kva som skal til

<strong>Daglege leiarar:</strong> Viviann Merete Ulstein og Olai Kelly Hoddevik Kobbenes er daglege leiarar for kvar si ungdomsbedrift ved UVS, og begge fekk medalje frå fylkesmønstringa til Ungt Entreprenørskap.