Partane i reiselivsoppgjeret, NHO Reiseliv og Fellesforbundet, mekla på overtid, men vart ikkje samde. Striden står om både løn og om arbeidsvilkår, skriv NRK.

Streiken startar frå sundag klokka åtte om morgonen.

Clas Delp i Fellesforbundet seier til NRK at retten til lokale lønsforhandlinger var deira viktigaste krav ved siden av løn. Han viser til at medlemene deira er av dei som har lågast løn, dei fortener eit løft.

Men Jostein Hansen, som er forhandlingsleiar for NHO Reiseliv, svarer at dei ikkje har økonomi til dette i desse tider.

Førebels er det bedrifter i sju fylke som er teke ut i streik: Oslo, Buskerud, Hordaland, Troms, Nordland, Sør Trøndelag og Vestfold.