I dag er den store dagen for folkerøystingar om framtidig kommunestruktur i seks av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre.
Vanylven har alt hatt si røysting – der fleirtalsrådet frå folket vart «Runde kommune».
I Hareid og Ulstein har det vore høve til å førehandsrøyste fram til 13. mai. Det er verdt å merke seg at alle som fyller 16 år i 2016 har høve til å stemme. Legitimasjon med namn, fødselsdato og bilde, t.d. bankkort, førarkort eller pass er viktig å ha med.
Tilsaman 11 lokale
Det er høve til å røyste i sju lokale i Ulstein og fire lokale i Hareid:
Hareid: Bigset bedehus, Brandal friskule, Hareid rådhus og Hjørungavåg bedehus.
Ulstein: Vonheim på Flø, Ulstein bedehus, Ulstein rådhus, Haddal grendahus, Sundgot bedehus, Dimna grendahus og Eiksund samlingshus.
Klokkeslett står på kommunane sine heimesider. Krinslokala held ope til klokka 19. På rådhusa litt lenger: I Ulstein til klokka 20, medan siste sjanse på Hareid rådhus er klokka 21.
Tre alternativ
I hovudsak har røystesetlane i Hareid og Ulstein tre alternativ, men i Ulstein er det også opna for å stemme «blankt». Dei tre alternativa har slik ordlyd:
Hareid:
«Hareid kommune som no», «Regionkommune Ålesund» og «Runde kommune».
Ulstein:
«Eg vil at Ulstein skal danne ein ny kommune saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven», «Eg vil at Ulstein skal halde fram som eigen kommune» og «Eg veit ikkje».
NB: Den som røystar må vere oppført i manntalet. Skjeringsdato er sett til 29. februar. D.v.s. at den som har flytta på seg etter dette skal røyste i heimkommunen som var før 29. februar.
Om lag halvparten stemmer
Fram til 17. mai hadde det vore folkerøystingar i 53 norske kommunar og med 49 prosents oppslutning i snitt. Tendensen er at om lag halvparten stemmer mot og den andre halvparten for samanslåing. Jølster har hatt størst oppslutning (73,3 prosent), medan ein i Stord kommune berre hadde 18,7 prosents oppslutning.
Folkerøystinga skal vere rådgjevande for kommunestyret, som skal gjere eit endeleg vedtak.
Resultat same kveld
Frå kommuneleiingane blir det meldt at dei reknar med å ha klart resultatet av folkerøystinga i løpet av kvelden.
I Ulstein skal formannskapet ha møte dagen etter (fredag) – og kjem nok til å sjå på resultatet då. I Hareid er det ikkje sett opp formannskapsmøte før 13. juni. Der vil det truleg bli formulert ei tilråding til kommunestyremøtet 22. juni.
I Ulstein kommunestyre kjem saka opp til vedtak 16. juni.