- Vi anbefalar alle å trekkje ut kontaktane til alt anna enn kjøleskap, fryseboks og eventuelle alarmar når ein reiser på sommarferie, seier kommunikasjonsdirektør Jeanne Tjomsland i Fjordkraft.

Det er kraftleverandøren Fjordkraft som har fått gjort undersøkinga i samarbeid med InFact. I undersøkinga blir det avslørt at heile 64 prosent av befolkinga trekkjer ut kontakta til telefonen og fjernsynet når dei dreg på ferie.

Undersøkinga avdekte markante forskjellar mellom aldersgruppene, og noko overraskande er det at det er dei over 65 som slurvar mest med å trekkje ut kontaktane. Blant dei over 65 er det 57 prosent som hugsar det, medan heile 70 prosent i gruppa mellom 30 og 44 år hugsar å trekkje ut kontaktane.

- Normalt registrerast det om lag 130.000 lynnedslag i Norge kvart år, og runft 45.000 av desse skjer i juli. Det tilsvarar om lag 1.500 lynnedslag kvar einaste dag, og sjølv om sannsynligheita er lita for at eit av desse skal treffe huset ditt, veit ein at det skjer slike ulukker kvart einaste år. Overspenningar i det elektriske anlegget kan øydelegge elektronikk og elektriske apparat, og den enklaste måten å unngå dette er altså å trekkje ut støpselet, seier Tjomsland.