Måndag formiddag var Arne Flatin på fjelltur. Ved Sarshornet oppdaga han ein daud sau i lyngen. Kor lenge han har vore daud veit ikkje Flatin, men dyr - eller fuglar - har tydeleg byrja å ete på han.

Det er truleg Olav Lynge som er saueeigaren. Han har mellom 80-90 sauer av typen Norsk pelssau gåande i fjella ovanfor Flø.

Om sauen er sjølvdauda, eller om han har blitt offer for eit dyr, er uvisst.

Olav Lynge hadde tidlegare kvite sauer av rasen cheviot, men bytta dei ut fordi dei tolde dårleg romeplanten, og lett fekk sjukdomen alveld. Ein sjukdom som blant anna går på augene og gjer dei svært ømfintlege for lys.

- På bildet eg har sett av den daude sauen så tviler eg på at han er råka av alveld, men heilt sikker kan eg ikkje vere. Sauer som blir sjuke av alveld brukar å gøyme seg vekk i skuggen, men denne låg midt på flata, kommenterer Olav Lynge.

Han fortel at han har hatt nulltap av sau i fleire år no.

- I teorien kan det også vere hund som har jaga sauen. Og då er det ikkje sikkert han har døydd av utmatting, det kan like gjerne vere sjokk, fortel Lynge.

Han tvilar på at det er ørn som er årsaka til sauekadaveret.

Norsk pelssau er ikkje utegangarar. Dei går ute lenge, men blir klipte to gonger i året.

Endå eit sauekadaver

Då Gro Lise Myklebust Rise la saka på vikebladet.no kontakta ho redaksjonen og opplyste at  dottera henna også fann eit kadaver på Flø . Merka grønn 7006. Låg i bekk ved dyrka område ved Brørevatnet.

Fann sauemerket

Også Kurt Johnny Brandal på Hareid har kontakta redaksjonen om same saka.

- Under ein tur til Sarshornet, mellom Brørene og Breifjellet for å ta fjellorienteringspostar måndag, oppdaga eg noko grønt som låg i lyngen. Det viste seg å vere eit øyreklips merka  "Olav Lynge, Flø - MT-NO 2733665 70028", fortel han.

Så då er det vel temmeleg klart at den daude sauen på Sarshornet til høyrer Olav Lynge.