"Europa i din by" er ein omreisande matmarknad som byr på typiske rettar og produkt frå ulike europeiske land. Onsdag til laurdag denne veka vil dei stille med 11 ulike "stands" på Kulturalmenningen i Ulsteinvik. Dei vil primært halde ope frå 10-18 dei fire dagane, men seier dei er fleksible.

- Om folk blir verande utover kvelden, så vil vi halde ope, seier Giada D'anna frå Italia og Lionel Sourzat frå Frankrike som organiserar dette.

Mattilbodet er breidt og der skal finnast noko for ein kvar smak. Der vil mellom anna vere italiensk, fransk og spansk mat.

- Alt frå italiensk salami, til fransk ost og pannekaker og spansk "paella" vil der vere. I tillegg kjem der til å vere ein "stand" med indisk grill, seier dei to.

Giada og Lionel håper mange vil kome og ta del i den kontinentale atmosfæra på Kulturalmenningen onsdag til og med laurdag denne veka.