– Me skal få meir sykkelveg for pengane, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

– Eg fekk ei rekkje førespurnadar frå ordførarar som fortalde om skyhøge kostnadar ved å byggja gang- og sykkelveg, og dei hevda dei ville få meir att for pengane med lokale tilpassingar med enklare standard enn det Statens veghandbøker tilseier, seier statsråden.

Vegdirektoratet har sendt eit notat til alle regionane som gjer det klart at fylkeskommunar og kommunar har stor fridom til å tilpassa gang- og sykkelveg på eigne vegnett. Men på riksvegar er det framleis krava til Statens vegvesen som gjeld.

Då Radøy kommune ville byggja gangfelt til skuleelevar, føreslo Vegvesenet 4,5 meter breitt fortau til ein veg som var 3,9 meter brei, skreiv Strilen i fjor.