Politiet på Sunnmøre skriv på twitter at dei natt til sundag måtte ta hand om ein person i Ulsteinvik.

Bakgrunnen var at personen hadde slått ei vakt på ein utestad.

Kjelder Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med fortel at hendinga skjedde i samband med at ein person vart nekta adgang til utestaden. Gjerningspersonen vart deretter teken hand om av vakta på utestaden fram til politiet kom til.

I morgontimane sundag vart det også stole ei drosje - ein kvit Mercedes med nummer T43 og kjennemerke UF57392 - frå Leinøya i Herøy.

Politiet opplyser seinare at drosja er komen til rette, og at gjerningspersonen er mistenkt for køyring i påverka tilstand. Personen blir teken med for blodprøve og blir anmeldt, skriv politiet på Twitter.