Det er Aktørplanen for Åkneset som slår fast dette. Planen var til gjennomgang i Hareid formannskap denne veka.
Hareid er ein av sju kommunar som er med i Aktørplanen, men Hareid ligg lengst borte frå Åkneset og vil dermed bli relativt lite råka.
5 meter i Hjørungavåg
Eit fjellskred på 54 mill. kubikkmeter masse, som er det verste av seks scenario, vil kunne gi 5 meter høge bølgjer i Hjørungavåg, 4 meter i Hareid sentrum og 2 meter høge bølgjer i Brandal sentrum. I Vartdalsstranda blir bølgjene 2 meter høge.
Ved sjølve rasstaden - på den andre sida av fjorden - vil bølgjene slå opp etter fjellsida i 100 meters høgde, men blir klart svekka utetter i fjordsystemet. Bølgjene blir likevel relativt høge mot Hareid-strendene fordi tsunamien får ei bein strekning å gå over Storfjordbassenget – frå Ørskogvika.
48 bustader i evakueringssona
48 bustader, tre fritidsbustader og fleire arbeidsplassar i sjøkanten ligg i det som blir kalla «evakueringssona» - og omfattar om lag 500 personar på ein vanleg kvardag.
Meir konkret nemner Aktørplanen desse utsette objekta i Hareid:
- Ferjekaiene vil bli utsette for oppskyljing, men vil truleg motstå påkjenningane.
- Trafikkterminalen med snøggbåtkai, bussoppstilling/drosjer og biloppstillingsplassar elles vil merke det.
- Bølgjer vil på visse stader nå opp til fylkesvegen Hareid-Brandal, men vegen vil truleg tole det.
- Kommunale vegstrekningar som «Gåsneset-Hjørungavåg», «Raffelneset-Hareid sentrum», «Strandgata», «Almestadbakken-Brandal sentrum» og «Brandalsvegen-Brandal sentrum» kan bli råka.
- Brandalsbrua (ved Ishavsmuseet) er utsett.
- Rolls Royce / OHI Eiendom i Hjørungavåg, bygningar på Raffelneset, Dimo AS på ytre Hareid og Aasen bildemontering i Brandal vil truleg bli råka. Det same gjeld Ishavsmuseet i Brandal.
Alle desse skal gjerast merksam på at dei ligg i faresona, og at det bør utarbeidast ein evakueringsplan.
Kommunikasjon via satelitt
Det er også utført ein risikoanalyse for telefoni, datatrafikk og mobiltelefoni. Alle desse blir råka. Det gjeld også naudnettet, men her blir det arbeidt med reserveløysingar. For Hareid vil satellitt-telefon vere den aktuelle kommunikasjonsmåten.
Ein tsunami innover Hareid-strendene vil ikkje få noko å seie for straumforsyninga. Heller ikkje nokon gardsbruk i Hareid ligg i faresona.