Startskotet for turneringa gjekk klokka 12.00 i fotballkampane mellom Volda 3 og Ulsteinvik, Volda 2 og Hareid og Volda 1 og Fosnavåg 1 laurdag førre veke. Denne dagen var sett av til fotballturnering, medan søndagen var duka for cricket.

Dei om lag 103 ungdommane som var til stades var fordelt på sju lag ut ifrå kor dei bur. Volda stilte med tre lag, Fosnavåg med to lag, medan Ulsteinvik og Hareid stilte med eitt kvar. For at kabalen skulle gå opp, måtte også dei tilsette ved dei ulike mottaka tørke støv av både fotballsko og leggskinn og gjere ein innsats. Til og med underteikna var med som innbytar for dei tilsette. Trass i at dei tilsette stort sett blei rundspelt av dei dyktige ungdommane, var det verkeleg fint å ta del i den sportslege gleda som tok stad på kunstgraset på Høddvoll denne dagen.

Årleg turnering

Dei ulike mottaka for einslege mindreårige asylsøkjarar i regionen brukar på rundgong å arrangere ei slik turnering kvart år.

– I fjor var det Vestnes som arrangerte turneringa. I år er det mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar i Ulsteinvik som arrangerer. Denne gongen har vi sett av ein dag til cricket også. Ungdommane skal overnatte på UVS til søndag og på den måten får vi samla dei for ei heil helg, sa Emilie Messenlien Ingjerd som jobbar ved mottaket i Ulsteinvik og har hatt hovudansvaret for planlegginga av turneringa. Ungdommane verka å sette stor pris på dette, då mange kjenner kvarandre på tvers av dei ulike mottaka. Ein gut frå Etiopia som bur på mottak i Volda, sa blant anna at han syns det var veldig kjekt å kunne samlast fordi han med ein gut som er busett i Ulsteinvik kunne prate sitt eige språk.

– Eg har budd i Noreg i ni månadar og har det veldig fint på mottaket i Volda. Eg likar godt å lære norsk. Best er det å lære medan eg pratar med folk, men eg les også norske bøker. Likevel er det fint å kome hit til Ulsteinvik, for her bur det ein som pratar same språk som meg, somalisk, sa han.

– Ein berikelse

Turneringa var godt planlagt. Markus Gjerde, Håkon Brautaset og Mattis Ringstad frå Hødd G-19 dømte fotballkampane laurdag. Sistnemnde lærte seg for anledninga også reglane for cricket og dømde kampane også søndag. Røde Kors sørga for tryggleik rundt arrangementet og var representert ved Olai Kelly Hoddevik Kobbenes, Stein Slettemark Skeide og Elise Eidsvik.

– For ein herleg gjeng å jobbe med, sa Eidsvik. Fleire tok turen til Høddvoll denne dagen, blant anna nokre verjer og fadderfamiliar til ungdommane. Monica Garshol og sonen hennar var på plass for å helse på ein som familien er fadder til som bur på mottaket i Ulsteinvik.

– Det er ein berikelse for heile familien å vere fadderfamilie. Han blir som ein storebror for ungane og han sender ofte tekstmeldingar og høyrer korleis det går med pappa, mamma og sysken, sa Garshol.

Nervepirrande sluttspel

Ut på dagen byrja det å regne ganske kraftig, og dei fleste trakk seg inn difor i Ulsmo-hallen. Der vart det heitt både temperatur -og stemningsmessig då turneringa byrja å tilspisse seg og nærme seg sluttspelet. Ein av ungdommane frå Afghanistan starta etter kvart å spele musikk, som både letta litt på den spente stemning og laga god atmosfære i heile hallen. Til alle sin store fornøyelse byrja han også å danse til afghansk musikk og vart klappa fram av alle dei frammøtte.

Bronsefinalen stod mellom Fosnavåg 2 og Volda 3, og fyrstnemnde vart bronsevinnarar. Finaleoppgjeret enda opp med å vere mellom laget frå Ulsteinvik og Hareid. Etter full tid var stillinga 0-0, og etter to mållause ekstraomgangar var det klart for straffekonkurranse. Spenningsnivået nådde toppen då laga gjorde seg klare straffespark. Etter ein svært nervepirrande straffekonkurranse med heile seks straffer per lag, var ikkje det til å unngå å bli smitta av den gleda og jubelen som etter kvart braka laust i Ulsteinvik-leiren då laget endeleg hadde drege sigeren i land. Under cricket-turneringa søndag var laget som stilte frå Ulsteinvik igjen heldige å vinne finalen mot Fosnavåg. Arrangørane seier det var eit vel gjennomført arrangement og dei er svært fornøgde.