I eitt-tida i ettermiddag omkom ein 43 år gamal mann i ei arbeidsulukke om bord i kystnotbåten Atus.

Båten låg i arbeid på fiskefeltet syd for Lindesnes. Det kommunale kriseberedskapsteamet har varsla dei pårørande. Artus kjem inn til Egersund i løpet av kvelden. Der vil mannskapet bli tatt i mot av det kommunanle kriseteamet i Egersund, og sjømannspresttenesta som reiser frå Stavanger  til Egersund for å ta seg av mannskapet på ein best mogleg vis etter den tragiske ulukka.

Øvrig mannskap som ikkje var om bord er også informert om ulukka.

Båten var eigd av reiarlaget Brattholm Invest.

Politiet i Rogaland bistår med tekniske og taktiske undersøkingar om bord.