Eit stort koppel med ungdomar sat sessa langs veggen i kommunestyresalen torsdag. Det knytte seg stor spenning til om Vikingen ungdomsklubb ville overleve budsjettmøtet eller ikkje. Rådmann Hans Jakob Sandanger si tilråding var å leggje ned klubben. Og det same orda Knut Erik Engh, gruppeleiar for Frp., fram på om i innleiingsrunden til budsjettdebatten. – Vikingen ungdomsklubb er eit kjempepositivt tiltak. Men eg synest ikkje ungdomen har gripe sjansen. Besøkstala er for dårlege til at eg kan støtte vidare drift, sa han. Venstre, ved Eli Skaatun, ivra derimot for at ungdomsklubben skulle få halde fram. Skaatun hadde snakka med mange ungdomar som brukar klubben, og frå talarstolen siterte ho argument som ungdomane sjølve hadde kome med for å bevare klubben. Deretter fremja ho forslag om å verne klubben. Etter gruppemøte hadde også andre politikarar kome på same tanken. Heidi Strand (H) fremja forslag om at Vikingen ungdomsklubb skal halde fram ut 2009. Men klubben skal evaluerast i så god tid at politikarane kjenner til interessa for klubben før budsjettet i 2010 skal vedtakast. Finansieringa skal skje ved å bruke 100.000 kroner av kulturmidlane, resten skal gå frå oppvekst- og kulturbudsjettet. Venstre trekte då framlegget sitt, og alle dei 24 medlemene slutta opp om framlegget frå Høgre. Ungdomsklubben takkar politikarane. – No er det opp til oss ungdomane å bevise at Vikingen ungdomsklubb er liv laga. At så mange ungdomar møtte fram på kommunestyret viser at vi er interesserte i vidare drift, kommenterer Erlend Eidem, som vil takka politikarane, med Venstre i spissen, for at dei gav Vikingen ungdomsklubb ein sjanse til.
Nyhende →
Vikingen ungdomsklubb berga med prøvetid
- Vi er veldig glade for at politikarane berga Vikingen ungdomsklubb, kommenterer Erlend Eidem, nestleiar i Ulstein ungdomsråd.