Unn Conradi Andersen kan no smykke seg med tittelen "Årets sosiolog". Prisen "Årets sosiolog" har blitt delt ut årleg sidan 2003 av Norsk sosiologforening, Austlandsavdelinga. Prisen skal løfte fram ein sosiolog som gjennom verksemda si har nytta sosiologiske analysar på ein kreativ måte. For å få prisen er det ikkje først og fremst akademiske merittar som er avgjerande, men evna til å formidle sosiologiske perspektiv til eit breiare publikum. Prisen vart delt ut på eit debattmøte i regi av Sosiologiforeninga 4. desember. I begrunnelsen frå juryen heiter det mellom anna: "Årets sosiolog har med klokhet, glimt i øyet, og god formidlingsevne tatt sosiologien ut til folk flest. Hun har en unik evne til å kombinere det velartikulerte med det lettfattelige. Vi har truffet henne gjennom aktiv deltakelse på møter i Sosiologforeningen og i Sosiolognytt, og ikke minst, gjennom hennes arbeid i Dagbladet, hvor hun kombinerer godt journalistisk håndverk med sosiologisk innsikt."
Nyhende →
Unn Conradi Andersen kåra til årets sosiolog
Austlandsavdelinga av Norsk Sosiologiforening har kåra den utflytta ulsteinkvinna Unn Conradi Andersen til prisen "Årets sosiolog".