Dei to kvigene hadde stått inne heile vinteren - og som rimeleg var, var dei svært yre over å få sleppe ut i opnare lende. Så yre at dei rasa gjennom halve bygda - og braut ned dei gardar som var - før dei la på sym mot Kvamsøya. Marine Harvest sin foringsbåt, som låg ved laksemerdene sør for Lammeneset, rykte ut og geleida rømlingane tillands igjen - dit dei kom etter ein halvtimes symjetur. Då var dei litt mindre villstyrige - særleg etter at eigar Dagfinn Sande greidde å fange den eine med lasso. Men for den enno "lause" kviga var likevel ikkje seansen over. Ho strauk til havs igjen for andre gong - og kom seg fleire hundre meter i retning øya Riste før Marine Harvest-båten atter fekk dreia henne tilbake til Sandsøya. Det skjer ikkje så mykje på Sandsøya, så etter kvart samla det seg ein stor flokk skodelystne, som hadde laurdagsunderhaldning så det rakk. Vestlandsnytt kan elles fortelje at dei to kvigene no går roleg og beitar saman med sine fem medsystrer.