Det vart ein omfattande diskusjon i Ulstein formannskap i kveld, om kor vidt kommunen skal starte prosjekteringa til 15 millionar kroner eller ikkje no. I Levekårsutvalet vart det tidlegare denne veka eit knapt fleirtal for å starte prosjekteringa.

Økonomisk kvalitetssikring

Men i formannskapsmøtet i kveld (tysdag) kom Ulstein Venstre, Ulstein frP, Ulstein Sp og Ulstein KrF med eit fellesframlegg om å utsetje oppstart av detaljprosjekteringa.

Dette fordi dei vil kvalitetssikre investeringsplanen for prosjektet.

Ein kvalitetssikra investeringsplan for prosjektet som viser bruk av lånemidlar, eigenkapital og eksterne midlar som tippemidlar og tilskot frå private investorar.

- Ei stor og langsiktig investering som denne kan ikkje ta utgangspunkt i agens svært gunstige rentevilkår. Vi må difor legge inn ein rentebuffer eller eventuelt leggje til grunn rentesikring for 10 år, var meldinga frå partia som var med på fellesframlegget.

Finpussa på framlegget

Etter ein del diskusjon og finpussing av framlegget, vart ordførar Jan Berset og Heidi Strand (H) også med på utsetjinga.

Berre Magne Grimstad jr. (Ap.) heldt fast på forslaget frå Levekårsutvalet om å starte prosjekteringa til 15 millionar kroner no.

I fleirtalsvedtaket heiter det at administrasjonen skal ha klart eit meir utdjupande økonomisk skriv om dei reelle kostnadene til Arena Ulstein til neste formannskapsmøte om 14 dagar.

Pål Grødahl (V) seier til Vikebladet.no at Venstre ikkje er imot verken symjebasseng eller idrettshall til borna, men at den økonomiske situasjonen i kommunen ikkje gjer det ansvarleg å seie ja utan å vite dei økonomiske konsekvensane.