Desse verbalforslaga vart vedteke som ein del av budsjetthandsaminga i Ulstein kommunestyre torsdag.

Les også: Ingen overraskingar i Ulsteinbudsjettet (For abonnentar)

Fellesframlegg

1. Kommunestyret ber om at kr 300 000 av tiltaksmidlane mot auka ledigheit vert avsett til vedlikehald av kyrkja i 2017.

Ulstein Frp

2. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å legge fram analyser av kommunens økonomiske handlingsrom i eit lengre perspektiv. Analysen skal vise scenario basert på gjeldsutvikling, folketalsutvikling og renteutvikling. Analysen skal legge grunnlaget for å trekke opp hovudlinjer for kommunen handlingsrom i åra som kjem, gjerne gjennom handlingsreglar eller måltal. Analysen skal leggast fram i løpet av 1. halvår 2017.

3. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å førebu ei sak til formannskapet som innovasjonsutval om aktuelle velferdsteknologiprosjekt som kan vere aktuelle å innføre i Ulstein.

Ulstein Arbeidarparti

4. Kommunestyret ber administrasjonen greie ut og leggje fram ei sak om livssynsnøytralt seremonirom i Ulstein innan 15.juni 2017. Dette med tanke på realisering i 2018.

Ulstein Venstre

5. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen om å legge fram ei sak om forprosjekt for påbygging av Ulsteinvik Barneskule. Saka vert å legge fram i løpet av 1.halvår 2017

Ulstein SV

6. a) Kommunestyret ber rådmannen gjere ei grundig utgreiing av innretning og profil på eigedomsskatt, med vurdering og berekning på økonomiske konsekvensar av storleik på botnfrådrag, eventuelle fritak,

c) Denne utgreiinga skal leggast fram for politikarane i løpet av fyrste halvår 2017.

7. Miljøtiltak for bygdene ligg inne i økonomiplanen 2017-2020. Kommunestyret ber om at administrasjonen utarbeider framlegg til retningsliner for dette snarast mogleg i 2017, og at desse retningslinjer, etter godkjenning, vert kunngjort på høveleg vis.

Ulstein Senterparti

8. Ulstein kommunestyre ber administrasjonen arbeide med ei utgreiing av ein ny barnehage i Sundgotmarka som dekkjer behovet for alle som ønsker barnehageplass i Hasund krins.