Mindretalet i Sande kommunestyre, beståande av fem representantar frå Arbeidarpartiet, to frå Senterpartiet og ein kvar frå Venstre og Framstegspartiet, stemte for at Sande kommune skulle gå i forhandlingar med Ulstein kommune om ei mogleg samanslåing. Dette vart lagt fram som forslag av Jan Garen frå AP, skriv Vestlandsnytt fredag.
Då minte ordførar Dag Vaagen om at Ulstein hadde orientert seg mot Hareid etter at Runde-alternativet ikkje vart noko av.
Fleirtalet i Sande gjekk i staden inn for å stætte intensjonsavtalen med Herøy om nye "Havøy kommune".
Ifølgje Vestlandsnytt blir det folkerøysting om samanslåing 27. februar.