Ein tipsar fortel at gravearbeidet i Ulsteinvik sentrum harført rottene fram i lyset.

Han har observert fleire rotter langs hushjørna på nattestid.

Avdelingsleiar Odd Kåre Wiik ved teknisk etat seier at det ernormalt at rottene kjem opp frå terrenget når det foregår gravearbeid. Dei likarseg heller ikkje under terrenget når det regnar mykje eller er flaum.

For å demme opp har kommunen ståande fleire giftboksar rundtomkring i sentrum – i dag 25 stykk. For nokre år sidan haddekommunen så mange som 85 slike boksar i sving.

Wiik slår fast at Ulstein kommune fører ein aktiv kamp motrottene – og kan faktisk vise til Skadedyrkontrollen når han sier at kommunen ermellom dei kommunane i landet som er minst plaga av rotter.