Med det vedtaket som vart gjort i Hareid formannskap denne veka, er det grunn til å tru at det kan gå mot ei meir langsiktig løysing for bruken av Brandal skule.

Med 4 mot 2 stemmer tilrådde formannskapet nemleg eit framlegg frå Bjørn Overå (Folkelista) om å velje ei løysing som «legg til rette for lokal samfunnsutvikling i Brandal».

Ordlyden i Overå sitt vedtekne innspel var vidare slik:

«Kommunestyret ber rådmannen gå i forhandlingar med Brandal Vel og Brandal Friskulelag, med tanke på å avhende den delen av Brandal skule som har vore lyst ut for sal.

Dette omhandlar den gamle delen av Brandal skule i tillegg til uteområdet sør for bygningen.

Gymsal og skulekjøkken, i tillegg til resten av uteområdet med skuleplass og ballbinge, skal framleis vere i kommunalt eige.

Gjennom forhandlingar må ein kome til avklaring og semje om framtidig drift, eigarskap og leigetilhøve mellom partane.

Framforhandla avtale mellom partane skal leggast fram for formannskapet til endeleg  godkjenning.»

Droppar salstanken

Går denne tilrådinga gjennom i kommunestyret komande veke, vil det seie at kommunen definitivt går bort frå tanken om å selje skulen.

Ein vidare konsekvens av vedtaket vil vere at kommunen gjer om inkje tidlegare vedtak.