- Dette stemmer bra med den partifordelinga vi har sett for oss, seier Sandli til Vikebladet Vestposten.

Han meiner Hafast har klart størst politisk støtte av dei to trasévala, og er svært optimistisk på fastlandssambandet sine vegner.

- Avgjerda kan kome både før og etter valet, og alle signala vi har fått tyder på at Hafast ligg best an. Både fylkestinget og næringslivet har i stor grad gått inn for Hafast, seier Sandli.

- Men er Eiksundtunnelen god nok som stamveg saman med eit fastlandssamband?

- Svaret mitt på den kritikken er at det er mange vegstrekningar som har langt dårlegare standard enn Eiksundtunnelen, og at det må gå an å få til ei løysing på utfordringane ved denne saman med Hafast, seier Sandli.

- Kva med argumentet om at Hafast vil gjere reisetida på E39 lenger enn Fefast, og at det vil ha negative konsekvensar for gjennomgangstrafikken og miljøet?

- Statistikken viser at 70 prosent av trafikken på E39 køyrer på vegen i 70 kilometer eller mindre. E39 er ikkje og vil heller ikkje bli nokon stor veg for transport mellom landsdelar. Det er den lokale funksjonen og samanknyting av bu- og arbeidsmarknadar som er viktigast. Og då er Hafast best.