– Saka er mykje meir alvorleg enn mange vil tru. Fylket set heile regionen si næringsverksemd på spel gjennom å ikkje akseptere ein mellombels bruk av området, seier Grimstad.

– Fordel for idrettslaget

Området i Hareidsmyrane vest for Myrtun er regulert til idrett. Det er ein av grunnane til at fylket er negative til Kleiva Boliger sine planar.

– Både kommunen og Hareid IL sagt ja til at området mellombels kan brukast til brakkeriggar. Idrettslaget vil jo også tene på dette, sidan dei vil spare mykje pengar på grunnarbeidet om her skal setjast opp eit idrettsanlegg i framtida. Ja, dette er ein fordel for alle partar. Likevel sit det ein byråkrat opp i Molde og overstyret dette. Fylket nektar å vere pragmatiske og å seie ja til fornuftig bruk, sukkar Oskar Grimstad.

– Overstyrer lokaldemokratiet

Han meiner den raudgrøne regjeringa har delegert vekk for mykje ansvar til byråkratane, som igjen overstyrer lokaldemokratiet. Grimstad varslar at ei blå regjering vil gjere at lokaldemokratiet får større makt. Då unngår ein saker som denne. Grimstad vil også på kort sikt få fylket til å snu, slik Kleiva Boliger får bygd sine flyttbare bustader i Hareidsmyrane.

– Eg har snakka mot folk i fylkespartiet som tek kontakt med dei andre partia. Vi håper å få løyst denne saka til fordel for alle partar, seier den tidlegare varaordføraren i Hareid.

Kratt

– Fylket peiker på at det alt er sett av andre område til bustadformål i Hareid. Kunne Kleiva Boliger finne ein annan plass å setje opp brakkene?

– Poenget her er at dette ikkje er snakk om permanent busetjing. Arbeidarane kjem ikkje hit for å busetje seg. Dei er her for å jobbe mellombels. Utbyggjarane spør kvar dei kan byggje ut. Lokaldemokratiet svarer at det er plass i Hareidsmyrane, og ein finn ei løysing som alle partar er einige i. Brakkene vil jo ligge like ved eit eksisterande mottak. Og no er her jo berre kratt, forklarer Oskar Grimstad, medan han peikar i retning Hareidsmyrane der Kleiva Boliger vil byggje ut.

– Næringslivet har behov

Grimstad peiker også på at næringslivet har ei stort behov for bustader der arbeidarar kan bu mellombels.

– Eg har snakka med folk i næringslivet. Dei treng desse bustadene. Dei har kontraktar dei skal følgje opp mot leverandørane. Dersom byråkratane skal vere så vanskelege som dette fryktar eg nokre berre gir opp, seier Oskar Grimstad.