Møre og Romsdal fylkeskommune har varsla klage til Kleiva Boliger sine planar om ein brakkelandsby med 120 bueiningar i Har-eidsmyrane.
Kleiva Boliger har alt søkt om både rammeløyve for prosjektet og igangsetjingsløyve for grunnarbeidet.
Brakkelandsbyen er tiltenkt utanlandske arbeidarar.
Fylkeskommunen konstaterer at det i tillegg til dei 120 bueiningane også er snakk om 75 parkeringsplassar.
Regulert til idrettspark
Problemet er at det aktuelle området, som ligg mellom Myrtunet og vegen gjennom Hareidsmyrane, har “idrettspark” som gjeldande reguleringsføremål.
Dette gjer at fylket ikkje har heimel til å gi positivt svar på søknaden om dispensasjon frå reguleringsplanen sitt føremål.
Det er fylkesrådmann Guttelvik og fylkesplansjef Haugen som har signert brevet. Dei skriv at Kleiva Boliger sine planar heilt klart set reguleringsplanen “vesentleg til sides”.
Dei meiner også at bustadprosjektet vil få store verknader for området. Ei vidare sakshandsaming må derfor skje som eventuell reguleringsendring. Gjeldande reguleringsplan er rett nok frå 1981, men fylket minner om at området vart stadfesta til idrettsføremål så seint som 21. juni 2012.
- Må ha svært gode grunnar
- Det bør difor ligge svært gode grunnar til grunn for ei eventuell omregulering, og ei alternativ lokalisering av tiltaket må inngå i dette arbeidet. Arealbruken bør ikkje endrast utan gjennom behandling på kommuneplannivå - for på den måten å sikre ei heilskapleg og framtidsretta vurdering av idretten sitt arealbehov og mulegheita for realisering av planføremålet, heiter det i brevet frå fylket.
Og vidare: - Slik vi ser det, er det framleis mykje areal avsett til bustadføremål i gjeldande kommuneplan som ikkje enno er utbygd.
Fylket skriv også at ei eventuell omregulering må vurderast i høve forskrift om konsekvensutgreiing § 4 c, og særskilt fokus bør ligge på konflikt med gjeldande kommuneplan og friluftsinteresser.
Varslar og vurderer ...
Fylkeskommunen varslar med dette klage på positivt vedtak i saka. Dei må også vurdere motsegn dersom ein startar detaljregulering med same siktemål. - Uavhengig av denne saka, legg fylket til, - bør kommunen søke å få på plass langsiktige og kvalitetsmessige løysingar som også gjer det attraktivt for arbeidarane å busette seg i regionen.
- Vi legg til grunn at også midlertidige bustader har krav på tenlege uteareal til fellesopphald, som til dømes fellesterrassar og grillplass.
Konklusjon:
- Vi varslar klage på positivt vedtak i saka, og vil også vurdere motsegn dersom ein startar detaljregulering for same formål som omsøkt, utan at det er dokumentert at alternativ lokalisering ikkje er mogleg, heiter det i konklusjonen frå fylket.