Ei sommarnatt i juni 2014, rundt klokka 01.10 stoppa politiet ein bil som kom køyrande i tettbygd strøk,og med passasjerar i bilen.
I bilen lukta det cannabis, og føraren erkjente at han hadde røykt dette stoffet. Under ransaking av bilen vart det funne 0,7 gram cannabis.
Mannen vart tatt med til blodprøvetaking, og analysen viste ein THC-konsentralsjon i blodet, som tilsvarer ei ruspåverkning på om lag 1,2 alkoholpromille.
Søre Sunnmøre tingrett har funne det bevist utover ein kvar rimeleg tvil at mannen rundt klokka 21.00-22.00 røykte cannabis. Både då mannen vart stoppa av politiet, og i politiavhøyr seinare har han forklart at det var rundt dette tidspunktet han brukte cannabis. Først etter at han vart kjend med den sakkunnige vurderinga og straffeforslaget i tilståingssak, endra han forklaring. Men retten har ikkje festa lit til den nye forklaringa omkring tidsunktet for når han røykte cannabis.
Retten har også lagt vekt på at køyringa skjedde på kvelds- og nattestid i tettbygd område, og med passasjerar i bilen.
Straffa blir derfor på ubetinga fengsel i 21 dagar, og ei bot på 10.000 kroner. I tillegg har mannen mist retten til å køyre bil i to år framover.