Tidleg i kveld, tysdag, pågreip politiet ein mann i 30-åra. Han vart teken i å køyre rundt i Hareid utan å ha gyldig førarkort.

Eigaren av bilen blir også meldt til politiet. Han blir meldt for å ha lånt ut bilen til ein person som ikkje fyller vilkåra.