Frå 1.februar er dørene lukka i Bakargarden i Ulsteinvik. På døra heng ein lapp om at det noverande konseptet er avslutta, men at ein ny bakar med fullt sortiment og utvida opningstider vil vere på plass i løpet av månaden.

Allereie 14. februar skal eit nytt konsept vere på plass, og ifølgje Dag Jøran Mo i Thuns bakeri gler han seg til å opne dørene og treffe kundane i Ulsteinvik.

Thuns bakeri held til i Ørsta og leverer primært til butikkar, men Dag Jøran Mo fortel at ein har hatt lyst til å ha eit eige utsal for å fronte varene sine.

Les meir om overtakinga av Bakargarden i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.