Kommunane pliktar å syte for tilfredsstillande tilgang til tenester frå dyrehelsepersonell og har ansvar for å organisere klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.

Herøy, Ulstein, Hareid og Sande samarbeider om veterinærtenesta. Dei har fire veterinærar som går vakter. John Osnes er ein av dei fire. Sjølv om han pensjonerer seg frå 1. september i år, vil han halde fram å ta vakter fram til september 2017, då eksisterande avtale mellom veterinærane og kommunane går ut.

Tre alternative vegval

John Osnes har sjølv skissert tre alternative vegval for kommunane. Det eine alternativet er at dei lyser ut stillinga hans og tilsett ein ny kommuneveterinær. Det andre er at stillinga blir lagt ned, der det blir satsa på at veterinærar har så god inntening at dei ikkje treng støtte frå kommunane. Det tredje er at kommunane gjev driftstilskot som kan sikre at veterinærane har god nok kapasitet og økonomi til å gje ein tenleg og god teneste.

Færre husdyr

Dei siste fem-seks åra har det blitt langt færre kyr og sauer i distriktet. Derimot er det fleire som har kjæledyr.

Kommunane har også plikt til å sikre tilfredsstillande veterinærteneste/dyrehelseteneste for smådyr, men det kan vere ulike meiningar om kva som er tilfredsstillande, skriv rådmann Einar Vik Arset.

Det auka behovet har gjeve grunnlag for å byggje ny smådyrsklinikk, utstyre den godt og bemanninga har vore god nok til å sikre utrykking til dei som held produksjonsdyr også på dagtid kvardagane.

Ikkje ny kommuneveterinær

Rådmannen vurderer at det ikkje er aktuelt med ein ny veterinær knytt til Veterinærkontoret i Ulsteinvik med det første. Han føreslår at dei heller kjøper tenester frå andre distrikt eller frå private.

Dei fem første åra skal kommunane gje driftstilskot, før dei avviklar ordninga.

Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag 10. juni.