Finn Sindre Eliassen er ikkje nøgd med måten Hareid kommune kallar inn til møte om oppdrettsanlegg i Brandal.

Hareid kommune inviterer no til informasjonsmøte om akvakulturanlegg i Brandal førstkomande torsdag klokka 14.00. Møtet skal haldast ved Ishavsmuseet Aarvak i Brandal.

– På møtet vil ein informere om planar og konsekvensar ved ei eventuell etablering av akvakulturanlegg i Brandal i regi av SalMar Organic AS, skriv Hareid kommune på sine nettsider.

Invitasjonen til møtet fortel at det skal vere ope for alle, og innkallinga er underskriven av ordførar Anders Riise.

Mange vil ikkje kunne delta

Finn-Sindre Eliassen har tidlegare engasjert seg sterkt mot planane om nye oppdrettsanlegg i området ved Brandal. Han meiner det er ein skandale at møtet vert lagt til eit tidspunkt då mange ikkje vil ha høve til å delta.

– Det er kort varsel og på ein torsdag klokka 14. Det er midt i arbeidstida og skandaløst å kalle inn på ein slik måte, seier  Eliassen, som meiner det verkar som om kommunen ikkje ynskjer at folk skal ha høve til å kome.

Eliassen synest dette føyer seg inn i rekkja med behandling av den betente saka, som det mellom anna har teke lang tid å få opp til politisk handsaming.

– Dersom ein ynskjer eit folkemøte, så må folk kunne ha fri, seier Eliassen.

Han reagerer også på at ikkje agendaen for møtet er betre kjent.

Tidsfristen er kort

Det er ordførar Anders Riise (H) som har kalla inn til det opne møtet i Brandal komande torsdag. Riise er ute på reise, og var måndag ettermiddag ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Varaordførar Dag Audun Eliassen (Folkelista) seier til Vikebladet Vestposten at han ikkje visste om det tillyste møtet før avisa gjorde han merksam på det.

– Eg ser at det er kort frist, og at tidspunktet, klokka 14.00 på ein kvardag, er uheldig. Mange folk er på arbeid då. Forklaringa kan vere at viss nokon i Salmar-leiinga skal vere med, så er det dei som ønskjer eit slikt tidspunkt. Men dette veit eg ikkje, svarer Eliassen.