Ein kveld og ei natt fram til klokka 02.00 drakk ein mann frå Ytre Søre 14-16 einingar med alkohol i ei blanding av øl og vodka.

Om morgonen neste dag sette han seg åleine i bilen for å køyre til eit middagsselskap nokre mil lenger ute i søre luten. Etter om lag 10 minutts køyring vart han stoppa i ein rutinekontroll av politiet.

Utandingsprøva viste ein alkoholkonsentasjon på 0,3 milligram per liter luft. Ei slik utandingsprøve blir sett på som representativ for den alkoholpåverknaden mannen hadde under køyringa.

Sunnmøre tingrett har dømt han til å betale ei bot på 45.000 kroner, fengsel på vilkår i 16 dagar, og tap av retten til å køyre bil i 13 månader.