Den første utgåva av boka skal ta føre seg historia frå 1974 til 1995. Det er dei første eigarane av bedrifta som har teke initiativ til å få historia om Odim mellom to permar. Pål Myrvold er forfattar.
Inge Dragsund, broren Audun Dragsund, Magne Gjerdsbakk og Olav Molvær var dei første eigarane av Odim, då dei starta opp bedrifta på Hasund, Ulsteinvik i 1974. Dei kontakta Fantastiske Osberget om å skrive boka, og medie- og kommunikasjonsbyrået i Ulsteinvik takka ja til oppdraget.
– Vi vil gi ut ei bok som fortel historia om vår tid i ODIM, seier Inge Dragsund. Eigaren og den første administrerande direktøren i bedrifta fortel at dei har hatt ei bok i tankane lenge. Allereie for tre år sidan vart byrået kontakta om bokprosjektet, men det har teke tid å få alle i prosjektet til å bli samstemte om boka. Dragsund og dei tidlegare eigarane vil fortelje historia om dei viktigaste hendingane i bedrifta fram til 1995, då vart Odim selt til nye eigarar. Det var avdelingsleiarane i bedrifta som tok over etter det rutinerte firkløveret. Desse var Jogeir Romestrand, Oddbjørn Hjelle, Torbjørn Hovden og Eldar Eilertsen.
Boka vil verte krydra med gode historier mellom dei viktigaste hendingane. Ei av historiene går på då Inge Dragsund, som til vanleg arbeidde 60 timars arbeidsveke, måtte kjøpe inn ein mikrobølgjeomn for å redde ekteskapet, ei anna historie då dei på Newfoundland stoppa eit jumbojet på rullebana for å få med den administrerande direktøren heim til Norge.
Vi skal presentere eventyret Odim på best mogleg måte, seier Åge Arne Grimstad, dagleg leiar i Fantastiske Osberget. Han er imponert over den suksessrike historia til Odim og har henta forfattar Pål Myrvold frå Stavanger til Ulsteinvik for å skrive historia frå 1974 til 1995.